fredag 8. juli 2011

A little story about a teddybear/ ei lita forteljing om ein teddybjørn...

Er dette ei god historie???/ Is this something for the kids???
Bamse Brillegod får navnet sitt


Her er Bamse Brillegod. Han er ein glad bamse som likar det meste. Men det er ikkje alltid like lett i kvardagen. Bamse Brillegod er svaksynt. Veit du kva det er? Nå skal du få høyre korleis han fekk navnet sitt... og korleis han fekk hjelp.

Da Bamse Brillegod var bitteliten, snubla han og datt både titt og ofte. ”Når skal han lære å gå, da?” undra dei vaksne seg på. Dei visste ikkje at han ikkje såg så godt som dei gjorde...

Bamse Brillegod blei eldre, men streva framleis. Det var noko som var i vegen støtt. Han hadde ofte skrammer og blå flekkar på kroppen sin etter harde møte med golv og veggar.

Bamse Brillegod skjøna at han måtte finne nokon som kunne hjelpe. I bamsebarnehagen hadde han høyrt forteljingar om Bamse Ordklok frå Det Kloke Huset. Kanskje det var ein stad å gå?

Tidleg om morgonen la han ut på reisa til Det Kloke Huset. Han måtte ta bussen inn til byen, og bussjåføren var snill og sette han av rett utanfor inngangsdøra

Da han kom inn, synte det seg at det var mange forskjellige hjelperar her. Bamse Ordklok fortalde med ein gong at han ikkje kunne hjelpe til med dette, men- det var ein som heitte Bamse Helseklok som hadde greie på slikt. Dit burde Bamse Brillegod gå.

Inne på kontoret til Bamse Helseklok vart han beden om å kikke på mykje rart. Det var ikkje alt han kunne svare på, og Bamse Helseklok mumla for seg sjølv:"`Det var jammen på tide at han kom seg hit!"

Da undersøkjinga var over, kom Bamse Helseklok fram med eit par briller som hadde gul innfatning. Han ba Bamse Brillegod om å ta dei på.

Bamse Brillegod snudde seg og fekk auga på seg sjølv i spegelen. "Å, så rar eg ser ut! Men- så GODT eg ser!!!" Da lo Bamse Helseklok høgt."Ja, det skulle bare mangle! Det var nemleg briller du trong. Skund deg heim att nå, og kom hit til kontroll om eit år."

Bamse Brillegod takka fint for hjelpa, og sprang ut i solskinet. Han jumpa inn på bussen og sette seg til rette. Nå hadde han litt av kvart å fortelje når han kom heim.

Glad og lykkeleg kom han dansande inn på kjøkkenet."Eg ser! Eg ser!"ropa han. Dei vaksne såg forfjamsa på han."Kva har hendt?"spurde dei. "Eg meiner at nå ser eg ALT! Da eg fekk brillene på, snubla eg ikkje ein einaste gong på heimvegen! JIPPI!" jubla han.

Så kom heile forteljinga- om Det Kloke Huset, om Bamse Ordklok og Bamse Helseklok og alle dei andre som arbeidde der. Endeleg hadde han fått den hjelpa han trong. Da dei vaksne hadde høyrt alt sammen, slo dei hendene i hop og sa:"Det var jammen godt gjort av deg! Sidan du er så flink og god, vil vi gjerne kalle deg Brillegod heretter!"

Den kvelden var det ein blid og trøytt liten Bamse som kraup til køys. På nattbordet låg dei nye, gule brillene og venta på at det skulle bli ein ny dag... og på Bamse Brillegod.

Er det ein eller annan der ute som ser for seg denne figuren min?
Har ei forteljing til, men, det stoppa opp da eg mangla ei teikning av han. Eg ser han, eg, men!
Ha ein fin kveld,
Synnøve

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails